Vil farga Los Angeles grønt
Borgermeistaren i Los Angeles, Antonio Villaraigosa, seier at han vil gjera byen til ”den grønaste storbyen i Amerika”. Det er ikkje små ambisjonar for ein by som er herja av trafikkproblem og som har den verste luftkvaliteten i heile landet.
På trass av Bush-administrasjonen si velkjende motvilje mot Kyoto-protokollen og andre miljøinitiativ, er miljø- og klimadebatten også med på å farga amerikansk politikk. Den republikanske guvernøren i California, Arnold Schwarzenegger, har trassa Bush og borgarmeistaren i Los Angeles, demokraten Antonio Villaraigosa, vil gjera byen til den grønaste storbyen i landet.
Det er ikkje små ambisjonar i ein by som slit med massive trafikkproblem og den verste luftkvaliteten i heile landet.
Ei av målsetjingane for byen er at 20 prosent av strømforbruket skal koma frå nye, fornybare energikjelder innan 2010, mot berre 6 prosent i dag. Los Angeles investerer difor i solenergi og anlegg for utnytting av jordvarme. I tillegg understreka Sutley behovet for å redusera energibruken i byen, blant anna gjennom å satsa på moderne og meir miljøvenleg byggeteknologi.
Andre prosjekt inkluderer målet om å avskaffa bruk av dieselbussar i byen fullstendig innan neste år, og utviding av bybane og undergrunn. I tillegg skal det verta fleire grøne lunger i byen og ein kampanje for å få planta ein million tre i byen er sett i gang.
Les meir: Worldchanging.com.
Denne artikkelen står for forfatterens egen regning. Artikkelforfatteren besitter også selv copyrighten, men har samtykket i at Depesjer fritt kan gjengi artikkelen i sitt redaksjonelle produkt, på hvilket tidspunkt Depesjer eventuelt påtar seg redaksjonelt ansvar. Redaksjonen i Depesjer og/eller Borgerjournalistene.org redigerer kun de artiklene som anvendes i Depesjers øvrige artikkelsortiment, og foretar språkvask etter behov. Artikler som forblir på Borgerjournalistene.org er imidlertid ikke gjenstand for slik redigering eller språkvask. Vi ber våre lesere gi beskjed om artikler som bryter med god presseskikk, Norges Lover eller anstendig journalistikk. Benytt i så fall denne e-postadressen: redaksjonSPAMFILTER@depesjer.no

Logg inn

Øyvind Strømmen <oes