ideer estetikk kultur filosofi økonomi miljø meninger politikk nyheter litteratur språk trender musikk forskning it kunst historie identitet integrasjon ytringsfrihet personvern sikkerhet                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

Drage for folk
Ikke-klikkbar annonse
13. mai 2008 07:01:02
Ikke-klikkbar annonse
Ikke-klikkbar annonse
Depesjer på gamlemåten, 180 x 250
Borgerjournalistikk

Puppesjokk! Bladibla!

Rødhette vart i går ete opp av ein ulv, men kom frå den dramatiske hendinga utan varige mèn, etter at ein jegar spretta opp ulvemagen for å berga henne.

Du veit du ikkje treng å lesa meir. Heile eventyret om Rødhette og ulven er oppsummert i løpet av ei einaste setning. Setninga er riktignok litt for lang, og kronglete formulert, men held seg likevel (eller nettopp difor!) trygt innanfor sjangeren: tradisjonell nyhendejournalistikk.

Denne journalistikken var basert på å få fram det viktige fort, eit poeng som også går att i moderne nettjournalistikk. Lesaren er lat. Ho må få mest mogleg servert i løpet av tittel, innleiing og bilettekst. Jo lengre ned ein kjem i teksten, jo mindre viktig er det ein blir servert. Berre sjå nedanfor:

Blabla reagerer på blablabla
Bladibladibla. - Bladibla, seier blablablabla. - Blablablabla. Blablablablabla, Stoltenberg, blablablabla. Bla blabla bla lorem ipsum bladibla. Blablablabla. Bladibla. Blablablabla. Dagblabla.

Her skulle nok redaktøren ha klipt noko bort. Og då kunne han trygt byrja nedanfrå. Den omvende nyhendepyramida, heiter det, og det er stadig ein modell som blir nemnd på journalisthøgskulen, sjølv om ein god del kloke hoder har funne ut at andre kloke hoder har teke feil. Slik historia har den heile pyramiden opphav i den amerikanske borgarkrigen sine dagar. Og nei! Dette har ikkje noko med frimurarar å gjera! Nei! Det har med telegrafen å gjera. Journalistar måtte nemleg senda melding heim til redaksjonane sine per telegraf, og telegraflinene var diverre ikkje alltid til å lita på. Difor fekk kvar journalist berre senda ei setning i slengen før det var nestemann sin tur. Setningane vart sjølvsagt lange av slikt. Og all den viktige informasjonen måtte koma inn så tidleg så råd, elles ville telegraflinene kutta frå slutten, i staden for at redaktøren gjorde det.

Nokre held seg stadig til slike reglar for journalistikk. Tabbe!

Sexgal same på raveparty med Carola
Ei anna tabbe som gjorde seg populær var ideen om objektiv journalistikk. Objektiv journalistikk lever stadig i den fine fantasiverda til mange mediakritikarar. - Hah! Media er jo ikkje objektive, seier desse, og skriv lange, sinte lesarinnlegg i avisene om kor lite objektive media er og om at media har svikta si oppgåve. I våre moderne dagar startar nokre av dei bloggar der dei skriv lange, sinte innlegg om kor lite objektive media er og om at media har svikta si oppgåve. Det er i det heile mykje prat om kor lite objektive media er og om at media har svikta si oppgåve.

Media si oppgåve er som følgjer (bør lesast med norsklærarstemme):

«Skriv noko grueleg kjedeleg utan å visa kjensler. Hugs at det må vera objektivt, altså at me må vera heilt einige med det som står der».

I blant følgjer media denne oppgåva pliktoppfyllande. Det er så kjedeleg at journalistane til slutt ikkje klarer å halda seg lenger: dei berre må skriva om sexgale samar. Og om Carola. For det er jo det lesarane vil ha. Ikkje så rart i grunn, når ein tenkjer på kva alternativet er. - Objektiv journalistikk er ein av dei viktigaste grunnane til at amerikansk politikk har kunna vera så korrupt så lenge, sa Hunter S. Thompson, ein kar med tildels tvilsame politiske sympatiar sjølv. - Du kan ikkje vera objektiv om Nixon. Korleis kan du vera objektiv om Clinton?

Ja, korleis kan du eigentleg det? Folk er ikkje objektive. Journalistar er, sjølv om det i blant er vanskeleg å tru, folk. Dei som prøvar å framstå som objektive og lukkast dårleg med det framstår som løgnarar. Dei som lukkast godt, framstår som ulideleg uinteressante.

1, 2, 3
Fleire har utfordra den klassiske nyhendejournalistikken: nyjournalistikken, forteljande journalistikk, gonzo, . Dei har kalla det dei har gjort på mykje rart. Eg er ikkje så oppteken av namn, men her er ei liste over lure ting:

1. Gløym objektiviteten! Vedgå at dette er historia slik du ser ho, og ikkje legg skjul på dine eigne haldningar. Skriv ikkje om det som ikkje bryr deg. Dersom den som fortel er uengasjert, kor engasjert vil den som blir fortalt vera?

2. Fortel, ikkje referer. Bruk forteljande virkemiddel. Gjer bruk av eg-personen. Snakk om korleis ting luktar, smaker, ser ut, kjennes. Legg merke til detaljar. Eller ta i bruk djubdeintervju, spør folk om kva dei tenkte og følte, og tillat deg å skriva i den langt meir krevjande tredjepersonen: «Det var ein dårleg dag for Gulbrand Gass, ikkje berre hadde han vakna med ein dundrande hovudverk, planane om gasskraftverk på Gassestad hadde også gått i vasken. Då han sette seg i bilen for å køyra heim tenkte han med seg sjølv: ...».

3. Dropp den omvende pyramiden. Skriv etter fiskemodellen. Grip tak i lesarane med innleiinga, bygg saka opp – feit og god, stikk dei litt med ryggfinna, rund av, men slå til med sluttpoenget!

Smækk!

Denne artikkelen står for forfatterens egen regning. Artikkelforfatteren besitter også selv copyrighten, men har samtykket i at Depesjer fritt kan gjengi artikkelen i sitt redaksjonelle produkt, på hvilket tidspunkt Depesjer eventuelt påtar seg redaksjonelt ansvar. Redaksjonen i Depesjer og/eller Borgerjournalistene.org redigerer kun de artiklene som anvendes i Depesjers øvrige artikkelsortiment, og foretar språkvask etter behov. Artikler som forblir på Borgerjournalistene.org er imidlertid ikke gjenstand for slik redigering eller språkvask. Vi ber våre lesere gi beskjed om artikler som bryter med god presseskikk, Norges Lover eller anstendig journalistikk. Benytt i så fall denne e-postadressen: redaksjonSPAMFILTER@depesjer.no

Ikke-klikkbar annonse